Om Steinart

Steinart er ei designbedrift som er eigd og driven av Steinar Engeland, og opererer i skjæringspunktet mellom design, foto og konseptutvikling. 

Steinart har lang erfaring innan idé- og konseptutvikling og har spesiell kompetanse innan profil- og merkevarebygging. I løpet av mi karriere som kreativ leiar og designer i bl.a. InMedia har eg hatt gleda av å jobbe med mange interessante og inspirerande kundar over heile landet. Steinart skal bygge vidare på denne kompetansen.

Visjon:
SteinArt skal skape sterk og visuell kommunikasjon gjennom kreativ og inspirerande design.

Verdiar:
Kunnskapsrik, folkeleg, original og nyskapande.

Både navn, foretaksnavn og konsept er assosiert med stein. Stein er eit symbol på firmaet sine verdiar. Stein er haldbart og sterkt, og er tenkt som ei solid kjerne i verksemda.