Imponerende bergkunst i Vingen.

Vingen – ein magisk stad

Vingen er ein liten plass innerst i ein liten fjordarm i Bremanger kommune i Nordfjord. Vingen er kjent for sin spesielle natur og for store funn av helleristningar.

Midt i det unike og magiske landskapet i Vingen, finn ein eit av nordeuropas største helleristningsfelt med rundt 2200 registrerte figurar. Helleristningane er anslått å være mellom 5-6000 år gamle. Slik eg ser det, har Vingenfunna ein unik plass i det norske kulturlandskapet.

Kva som er den eigentlege historia bak alle hellerstningane, er belagt med mystikk og er framleis ei gåte, men Vingen har uten tvil spelt ei sentral rolle som ein rituell samlingsstad i regionen over fleire tusen år.

Om Rock Art  >