Fotografi – unike augneblikk

Alt kan fotograferast. Når eit augneblikk vert frose – og tida stoppar opp akkurat der og då ..., då kan uventa ting skje. Det er magien ved fotografi.

Det som inspirerer og fascinerer meg mest er naturen, og spesielt naturen på vestlandet. Eg ønskjer å «fange» det spesielle og unike som syner ein eigen skjønnhet, enten det gjeld landskap, plantar, objekt eller menneske.

Eg samanliknar fotografering med kunstmåling. Fotoapparatet er eit verktøy – akkurat som pensel og palett er det innan målarkunsten, og ved hjelp av kameraet kan eg skape bilder slik som eg ser det. Eg vil ikkje berre «ta eit bilde» – eg ønskjer å skape unike augneblikk.