Som designer, fotokunstnar og konseptutviklar gjennom mange ulike prosjekt over fleire ti-år, har han vore med og utvikla og forma ei rekke profilar og konsept for både nasjonale og lokale aktørar. Han er i dag også kreativ leiar i designhuset BYRR på Nordfjordeid.
Ønsket om å skape kunst har drive Steinar heile livet. Som grafisk designer, – med erfaring innan akvarellmaling og etterkvart også med foto som verktøy, ser han fellesnevnarar i alle desse genrane. Drivkrafta er å skape noko nytt som gir inspirasjon og skaper energi.
I Steinart handlar det meste om foto, men óg i kombinasjon med kreativitet og uttrykk gjennom grafisk design. Hovudmotiv i fotografia er ofte naturen sitt mangfald og årstidene sine uendelege variasjonar. I Nordfjord og på nordvestlandet finn vi eit mektig fjord- og kystlandskap som heile tida inspirerer til nye motiv.