SHAPE OF THINGS

STEINART er designer og fotograf Steinar Engeland sitt domene for kreativitet og design i fri utfalding. På nettsida vil du få eit innblikk i Steinart sine ulike foto, design og prosjekt.

GALLERI

Utvalgte bilder i ulike kategoriar

Work in Progress

Om Steinart

Som designer, fotokunstnar og konseptutviklar gjennom mange ulike prosjekt over fleire ti-år, har han vore med og utvikla og forma ei rekke profilar og konsept for både nasjonale og lokale aktørar. Han er i dag også kreativ leiar i designhuset BYRR på Nordfjordeid.

Ønsket om å skape kunst har drive Steinar heile livet. Som grafisk designer, – med erfaring innan akvarellmaling og etterkvart også med foto som verktøy, ser han fellesnevnarar i alle desse genrane. Drivkrafta er å skape noko nytt som gir inspirasjon og skaper energi. 

I Steinart handlar det meste om foto, men óg i kombinasjon med kreativitet og uttrykk gjennom grafisk design. Hovudmotiv i fotografia er ofte naturen sitt mangfald og årstidene sine uendelege variasjonar. I Nordfjord og på nordvestlandet finn vi eit mektig fjord- og kystlandskap som heile tida inspirerer til nye motiv.

Carved in rock

Basert på inspirasjon frå vakker og dramatisk natur, og bergkunst frå det unike helleristningsfeltet i Vingen i Nordfjord, har Steinar over fleire år arbeidd med foto som tek utgangspunkt i naturen og bergkunsten der. Steinalderkunsten forbausar og imponerer. Omfanget og motivrikdomen i bergkunsten i Vingen gjev rom for undring, og vitnar om det kreative mennesket sin vekst og utvikling.

Konsept

I konseptet «Carved in Rock, made to last», er det tenkt eit breitt anlagt designkonsept som skal materialiserast gjennom merkevara TEIKN. Konseptet tek oss tilbake til steinalderen, frå ei tid då teikn om liv og død blei hogd i stein, til vår samtid der vi set spor i ei urban tid og gjennom aktive liv.

Første steg i konseptet er ein smykkekolleksjon laga i samarbeid med gullsmed Kathrine Berg. Smykkene er til sals hos BergArt på Nordfjordeid.

Les meir om TEIKN her.

STEINAR ENGELAND / FOTO / DESIGN / KONSEPTUTVIKLING

Kontakt

steinar@steinart.no
+47 958 14 927

© Vi gjer spesielt oppmerksom på at kopiering av foto og tekst frå nettsida til bruk i kommersiell samanheng er ulovleg, jf. § 104 i Lov om opphavsrett til åndsverk (åndsverkloven).

Du kan dessverre ikkje kopiere innhaldet på dette nettstedet.