Under denne konseptfanen vil eg presentere idear gjennom digital kunst som er under utvikling.
Steinart har ein spesiell forkjærleik til bergkunsten frå Vingen i Nordfjord. Original og oppsiktsvekkande kunst som er skapt av kreative mennesker – langt tilbake i tid. Dei 5-7000 år gamle helleristningane har ei sterk historie som har relevans også i dagens samfunn. Eg ønsker å sette fokus på verdiar som haldbarheit, varigheit og styrke. Berekraft. Rissa i stein, laga for å vare.
Visualiseringane som blir presentert her gir eit innblikk i potensialet i konseptet, og bilder kan om ønskelig tilpassast unikt til kunde. Nye illustrasjonar og inspirasjonsbilder vil bli lagt ut framover. Bilda vil etterkvart kome for salg. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.